Hopp til innhald

Glenrothes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Glenrothes
by
Land  Skottland
Region Fife
Areal 8 km²
Folketal 38 510 (2016)
Postnummer KY6, KY7
Retningsnummer 0 1592
Kart
Glenrothes
56°11′50″N 3°10′23″W / 56.197222222222°N 3.1730555555556°W / 56.197222222222; -3.1730555555556
Wikimedia Commons: Glenrothes

Glenrothes er ein ny by i regionen Fife i Skottland. Han har kring 39 000 innbyggjarar. Han vart grunnlagt omkring 1948 ved at fleire små landsbyar vart slått saman, og er no administrasjonssenter for regionen.

Opphavleg var dei viktigaste industriane i Glenrothes papirproduksjon og kolgruvedrift. Mange gruvearbeidarar flytta dit frå den vestlege delen av Skottland, spesielt frå Glasgowområdet. I dag har desse industriane vorte erstatta av ei rekkje fabrikkar som produserer elektronisk utstyr.

Blant kjende personar frå byen finn ein trompetisten John Wallace, skodespelaren Dougray Scott og den andre førsteministeren i Skottland, Henry McLeish. Han måtte gå av i 2001 etter ein skandale kjend som «Officegate», som involverte ulovleg vidareutleige av ein bygning i sentrum av Glenrothes.

Jernbanestasjonen som betener byen heiter Glenrothes-with-Thornton, og ligg i landsbyen Thornton.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Glenrothes