Glottolog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Glottolog er ein bibliografisk database over dei mindre kjende språka i verda. Han blir vedlikehalden av Max-Planck-Institut für Menschheitsgeschichte i Jena og blei laga ved Max-Planck-Institut für evolutionäre Anthropologie i Leipzig.

Glottolog inneheld ein katalog over språk og språkfamiliar i verda med bibliografiar for dei mindre kjende språka. Han skil seg frå språkkatalogen Ethnologue på fleire måtar: Glottolog prøver å berre omfatta språk som vedlikehaldarane kan stadfesta finst og er distinkte, å berre legga språk inn i språkfamiliar som det er vist er reelle, og gjev bibliografisk informasjon. Språka i databasen er identifiserte gjennom ISO 639-3-koden sin eller Glottolog sin eigen kode, Glottocode.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]