Tidsskriftet Gnist

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gnist (tidsskrift))
Hopp til navigering Hopp til søk

Gnist er eit tidsskrift som er gjeve ut av partiet Raudt, og tidlegare av Arbeidernes Kommunistparti. Fram til 2005 heitte tidsskriftet Røde fane. Det endra då namn til Rødt!. I 2017 vart namnet Gnist tatt i bruk.

Bladet kjem ut med fire ordinære nummer i året. Det har også ei forlagsavdeling.

Erik Ness var redaktør av bladet frå 1993 til 2017. I 2017 overtok Ingrid Baltzersen.[1]

Røde Fane vart grunnlagt i 1969 av utbrytarar frå NKP. Frå skipinga av AKP(m-l) var tidsskriftet knytte til dette partiet. På 1970-talet var det ei tid ein konkurrerande versjon av bladet, utgjeven av Kommunistisk Arbeiderforbund. Då AKP gikk inn i Raudt i 2007, overtok dette partiet tidsskriftet.

Forlagsverksemd[endre | endre wikiteksten]

Forlaget Rødt! har gjeve ut mellom anna desse bøkene:

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sjå leiar og kolofon i Gnist nummer 1, 2017

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]