Raudt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om det norske politiske partiet. For fargen, sjå raud.
Raudt
Bokmål: Rødt
Nordsamisk: Ruoksat
Raudt}}}
Grunnleggjande
Oppretta 2007
Ideologi Revolusjonær sosialisme,
Marxisme,
Kommunisme [1]
Partileiar Bjørnar Moxnes
Ungdomsorganisasjon Raud Ungdom
Partiavis Rødt nytt
Statistikk
Representantar på fylkesting 8
Representantar i kommunestyre 76
Ordførarar 1
Tilknytingar
Nettstad: www.raudt.no

Raudt (R) er eit norsk politisk parti som har kamp mot ulikskaps-Norge som sin hovudsak.[2] Partiet er ei samanslåing av Raud Valallianse (RV) og Arbeidernes Kommunistparti (AKP). Raudt er eit revolusjonært, sosialistisk parti. Målet til partiet er å skapa eit samfunn utan utbytting og undertrykking, og som byggjer på rettferd og solidaritet. Partiet er frå 2017 for første gong representert på Stortinget, då partileiar Bjørnar Moxnes vart vald inn for Oslo. Dei har representantar i fleire fylkesting og kommunestyrer. Partiet har ingen ordførarar, men fire varaordførarar.

I samband med skipinga av det nye partiet vart Raud Valallianse og Arbeidernes Kommunistparti lagde ned. Raud Ungdom held fram som ungdomsorganisasjonen til partiet. Det var 260 delegater til stades under skipingsmøtet på Håndverkeren i Oslo. Namnet Raudt vart vald med 128 stemmer mot 71. Andre framlegg til namn var Raudt Val og Solidaritet. Fram til oktober 2007 brukte partiet formelt namnet Raud Valallianse, på grunn av retningslinene i vallova[treng kjelde].

Torstein Dahle var RVs siste leiar og Raudts første. Her er Dahle på stand for Raudt ved Stortingsvalet 2009.

Ved fylkestingsvalet i 2007 fekk RV/ Raudt 2,1 % av røystene, og gjorde sitt beste lokalval nokon gong sidan RV vart skipa. RV/ Raudt fekk i 2007 sin første ordførar i Risør kommune, der Knut Henning Thygesen vart vald i direkteval. Partiet har likevel ikkje slått gjennom på landsbasis i så stor grad som ein hadde håpa, trass i stor entusiasme rundt sjølve partidanninga og mange nye medlemar og sympatisørar. Det har vorte trekt fram fleire moglege årsaker til dette, mellom anna intern strid i partiet og den aukande blokkdanninga i rikspolitikken som følgja av det raudgrøne regjeringssamarbeidet. Ved stortingsvalet i 2009 oppnådde Raudt 1,3% av røystene. Dette var ein framgang frå dei siste vala, men stod likevel ikkje i stil med forventningane i partiet. Heller ikkje i Raudt sine satsingsfylke, Oslo og Hordaland, vart resultatet godt nok, og partiet fekk inkje stortingsmandat.

Raudt har sin historiske ideologiske bakgrunn i marxismen og maoismen. Partiet kallar seg ikkje kommunistisk, slik forløparen AKP gjorde. Mange medlemar kjem òg frå andre politiske miljø og tradisjonar, mellom anna har den trotskistiske organisasjonen Internasjonale Sosialistar slutta seg til partiet.

Leiinga[endre | endre wikiteksten]

2017 – 2019[3]

Person Stilling
Bjørnar Moxnes Leiar
Marie Sneve Martinussen 1. nestleder
Silje Josten Kjosbakken 2. nestleiar
Benedikte Pryneid Hansen Partisekretær
Markus Hansen Faglig leiar
Finn Olav Rolijordet Økonomiansvarlig
Marielle Leraand Kvinnepolitisk leiar
Marianne Gulli Internasjonale ansvarleg
Mariette Lobo
Per-Gunnar Skotåm
Berit Mortensen
Rose Maiken Flatmo
Reidar Strisland
Torill Braaten
Charlotte Therkelsen Sætersdal
Sissel Hallem
Linn-Elise Øhn Mehlen Leiar for Raud Ungdom

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.vg.no/nyheter/innenriks/roedt/roedt-holder-paa-kommunismen/a/10123041/
  2. «Rødt varsler kamp mot økte forskjeller | ABC Nyheter». Henta 4. august 2015. 
  3. «Partiledelsen»
    Obs Raudt inneheld øydelagde eksterne lenkjer, som ein robot har rapportert ovanfor. Dersom du fiksar problemet, fjern denne malen frå diskusjonssida.

    Rediger artikkelen · Rediger diskusjonssida

    , på Rødts nettsted; besøkt 17. april 2014.