Go

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Golvgobrett med brikker.
Go-parti.

Go er eit austasiatisk brettspel for to deltakarar som har anten svarte eller kvite brikker. Spelet går ut på å omkransa størst mogleg område med brikkene. Det har nokså enkle reglar, men kan krevja stor strategisk dugleik. Go oppstod i Kina for over to tusen år sidan. På kinesisk er spelet kjend som weiqi (碁), på japansk som igo og på koreansk som baduk.

Spelemåte[endre | endre wikiteksten]

Go vert spelt på eit brett med kvadratisk rutenet. Spelbrikkene (som ein kallar steinar) vert plasserte på skjeringspunkta mellom firkantane i rutenetet, aldri i rutene. Ein får òg leggje steinar på kantane og hyrna av rutenetet. Steinar som er lagt ut kan aldri flyttast til nye punkt, men kan derimot verte fanga og fjerna frå brettet. Spelet går ut på å erobre så mykje territorium som mogleg gjennom å ringe inn tomme skjeringspunkt eller motstandarsteinar med sine eigne steinar. Territorium gjev poeng som vert samanrekna på slutten saman med talet på fangar, og den med flest poeng har då vunne. Grunnreglane i spelet er relativt få og enkle, men gjev opphav til eit spel av overraskande høg kompleksitet og djupn.

Rutenetet ein speler go på kan vere av skiftande storleik: I seriøse konkurransesamanhengar nyttar ein som oftast eit brett med storleiken 19*19. Nybyrjarar startar ofte med å utforske moglegheitene på eit 9*9-brett. Andre storleikar vert òg nytta. Eit parti mellom to ekspertar på eit 19*19-brett tek fleire timar. (Med x*x-brett forstår ein eit brett med x skjæringspunkt langsmed kvar side, ikkje talet på ruter, som jo alltid vert ein færre.)

Det finst eit smart handicapsystem som gjer at ein nybyrjar og ein røynd spelar kan spele jamne og spanande parti, samstundes som aktive konkurransespelarar får rankingtal. Den svakaste spelaren er då svart og får ei mengd gratissteinar utlagd på spesielle punkt ved byrjinga av partiet, medan kvit får gjere det fyrste verkelege trekket. Skilnaden mellom to nærliggande rankingtal svarar til ein stein i handicap. Eit vanleg parti utan handicap byrjar alltid med at svart gjer det fyrste trekket på eit tomt brett. For å kompensere kvit for den ulempa det inneber at svart byrjar, får kvit ofte (i det minste i konkurransesamanhengar) ei mengd bonuspoeng som kallast for komi. Det vanlege er 6,5 poeng i komi. Å nytte komi som ikkje er eit heiltal gjer at partiet ikkje kan ende uavgjort (bortsett frå om spelarane vert samde om uavgjort under spelet, noko som kan vere tillate). Når den mest røynde spelaren plasserer ei brikke som i neste runde vil kunne gjere han i stand til å fange nokre av steinane til motspelaren, var det før god skikk å åtvare motspelaren ved å seie «atari», ein ekvivalent til uttrykket «sjakk», men dette er ikkje lenger vanleg.

Norsk forbund og turneringar[endre | endre wikiteksten]

Go i Noreg vart stifta i 1977 og arrangerer NM i go og andre turneringar kvart år.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]