Godarta prostataforstørring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Teining som syner Godarta prostataforstørring

Godarta prostataforstørring er eit vanleg prostataproblem. Prostatakjertelen veks etter som individet vert eldre. Slik vekst er vanleg hos vaksne menn og hannhundar. Fire av fem menn over 60 år har forstørra prostata i meir eller mindre grad. Hos enkelte tek kjertelen til å vekse alt i 40-åra eller 50-åra, men det er mest vanleg at dette skjer i 60-70-årsalderen.[1]

Symptom ved forstørra prostata:

  • hyppig vasslating
  • hesitasjon, det tar tid før urinen tek til å renne ved vasslating
  • svak og spreidd stråle
  • etterdrypp, det tek lang tid før urinen sluttar å drype etter vasslating

Prostata kan undersøkjast ved rektaleksplorasjon, det vil si at undersøkjaren har ein finger i pasientens endetarm. Sidan prostata ligg like innanfor endetarmsopningen, kan ein vurdere:

  • er prostata forstørra, når undersøkjaren opp til kjertelens øvre kant?
  • er midtfura i kjertelen intakt?
  • er kjertelen øm?
  • er kjertelens konsistens normal; er det kular å kjenne?

Rektaleksplorasjon er også ei god undersøking for å oppdage endetarmskreft.

Proscar er ein medisin som for nokon kan betre vasslatingsplagene ein periode. Når pasienten må opp for å late vatnet 3-4 ganger kvar natt, er det aktuelt med operasjon.

Tidlegare vart forstørra prostata operert ved å opne kirurgisk lågt på bukveggen og framsida av blæra og skrelle ut prostata frå innsida. Ved TUR, transuretral reseksjon, fører ein eit instrument med ei metallslyngje inn i urinrøyret. Det vert sett straum på slyngja og ho vert dregen litt ut. Då vert det brent litt vev vekk kring urinrøyret, og det vert vesentleg betre plass for urinen gjennom kjertelen.

Fotnote[endre | endre wikiteksten]

  1. Forstørret prostata, besøkt 20. september 2011