Golf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om idretten. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Golf (fleirtyding).
Tiger Woods slår eit slag

Golf er ein utandørsidrett der enkeltspelarar eller lag slår ein liten ball i hòl med ulike typar køller. I golfreglane blir idretten definert som 'å spele ein ball med ei kølle frå utslagsstaden ned i hòlet med eit slag eller fleire påfølgjande slag i samsvar med reglane'.

Golf oppstod truleg i Skottland og har vore spelt i fleire hundre år på Dei britiske øyane. Sjølv om golf av nokre blir rekna som ein fritidsaktivitet helst for rike, blir spelet stadig meir populært og talet på spelarar veks i store delar av verda. I Noreg er over 119 000 spelarar medlem av Norges Golfforbund. Dette blir ein gjennom medlemskap i ein norsk golfklubb. Det blir kravd medlemskap for å kunna spela på dei aller fleste av dei norske banane.

Spelet[endre | endre wikiteksten]

Ein golfrunde består i å spele eit tal hòl, vanlegvis 18, på færrast slag råd. Å spele eit hòl består i å slå ein ball frå utslagsstaden (eit område avsett for å slå det første slaget på hòlet), og å halde fram med å slå ballen til den ligg i hòlet. Når ballen er på «greenen» (puttinggreenen – eit område med ekstra kortklipt gras) går ein over til å slå ballen langs bakken («putting»). Målet om å slå ballen i hòlet ved å bruke så få slag som mogleg blir gjort vanskelegare med diverse hinder, som «bunkerar» (sandhinder) og vasshinder.

Konkurransegolf kan spelast på ei rekke forskjellige måtar av både enkeltspelarar eller lag. Poengberekninga kan skje som slagspel («stroke play») eller matchspel («match play»). I slagspel tel ein kor mange slag som blir brukt på heile runden eller turneringa, og spelaren med færrast slag totalt blir vinnaren. I matchspel spelar ein om kvar enkelt hòl, og den som avsluttar hòlet med færrast slag, vinn hòlet.

Til forskjell frå mange andre sportsgreiner, blir golf for det meste spelt utan overoppsyn av ein dommar. Spelet avheng av at den enkelte viser omsyn til andre spelarar og følgjer reglane. Som det står i golfreglane: 'Alle spelarar bør oppføre seg på ein disiplinert måte, alltid vise høflegheit og ei god sportsånd, utan omsyn til kor konkurranseinnstilte dei måtte vere. Det er ånda i golfspelet'.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]