Hopp til innhald

Good Neighbor Policy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Good Neighbor Policy var utanrikspolitikken som vart ført av den USA-amerikanske presidenten Franklin Roosevelt og administrasjonen hans når det gjaldt landa i Latin-Amerika. USA ynskte å ha gode forhold til naboane sine, spesielt i ei tid då konfliktane byrja å ta til att, og denne politikken var meir eller mindre meint å samle støtte i Latin-Amerika. Gjennom Good Neighbor Policy skulle USA halde auge med Latin-Amerika på ein meir fredfull måte enn tidlegare. Dei slutta med upopulære militære intervensjonar og gjekk over til andre metodar for å halde på påverknadskrafta si i Latin-Amerika: panamerikanisme, støtte til sterke lokale leiarar, opptrening av nasjonalgardar, økonomisk og kulturell innblanding, lån frå eksport-import-banken, overvaking av finansar og politisk subversjon.

4. mars 1933 sa Roosevelt under innsetjingstalen sin at: «Når det gjeld verdspolitikk, vil eg at denne nasjonen skal følgje politikken til den gode naboen – naboen som bestemt respekterer seg sjølv, og fordi han gjer det, også respekterer rettane til andre.»[1] Dette vart stadfesta av Cordell Hull, utanriksministeren til Roosevelt på ein konferanse for statane i Amerika i Montevideo i desember 1933. Hull sa: «Ingen land har rett til å intervenere i innanriks- eller utanrikspolitikken til andre land.»[2] Endå tydelegare vart det i desember same året, då Roosevelt igjen gav munnleg bevis på at det var endringar på veg når det gjaldt den USA-amerikanske politikken i området ved å seie at: «Den absolutte politikken til USA frå no av er å vere imot væpna intervensjon.»[3]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «In the field of world policy I would dedicate this nation to the policy of the good neighbor—the neighbor who resolutely respects himself and, because he does so, respects the rights of others.» – Roosevelt, Franklin Delano: «First Inaugural Address» (Washington D.C., 04.03.1933).
  2. «No country has the right to intervene in the internal or external affairs of another.» – LaFeber Walter: The American Age: U.S. Foreign Policy at Home and Abroad, 1750 to Present, 2. utgåve (New York: Norton, 1994), s. 376
  3. «The definite policy of the United States from now on is one opposed to armed intervention.» – Edgar B. Nixon [red.]: Franklin D. Roosevelt and Foreign Affairs, bind 1, s. 559–560.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]