Gosen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Gosen (fleirtyding).
Jakob møter sonen Josef att i Gosen. Måleri av Hans III Jordaens frå 1636.

Gosen (hebraisk אֶרֶץ גֹּשֶׁן eller ארץ גושן, Goshen) er namnet på ein stad i Egypt omtalt i Den hebraiske bibelen. Gosen er eit område som blir gjeve av farao til israelittane til å bu i etter at Josef henter dei dit. Dette er også landet dei dreg frå under utvandringa frå Egypt. Området låg nord i Egypt, aust for Nildeltaet.[1]

Gosen i Bibelen[endre | endre wikiteksten]

Etter at Josef blei sett som herre over Egypt av farao under hungersnauden i Kanaan sende han bod gjennom brørne sine om at far hans og huslyden med alle eigedelane skulle koma til ham i Gosen, der dei kunne bu.[nb 1] Det blir antyda at Gosen ligg avsides til, ettersom egyptarar reknar gjetarar som avskyelege.[nb 2] Det var i Gosen at Josef blei sameina med faren Jakob etter at han hadde vore slave til Egypt.[nb 3]

I Egypt blei israelsfolket mangfaldig, og etter 17 år i landet døydde Jakob.[nb 4] Heile huset hans, bortsett fra småbarna og små- og storfeet, forlét Gosen for å gravleggja Jakob i heimlandet.[nb 5] Gosen blei også skåna frå den fjerde plaga frå Gud, «for at du skal kjenna at eg, Herren, er midt i landet.»[nb 6] Gosen blei også skåna for haglbygene i den sjuande plaga.[nb 7]

Israelittene omtalte senere Gosen som «kjøttgrytene i Egypt».[nb 8]

Gosen blir omtalt som eit fruktbart land, og israelittane snakka seinare om «kjøtgrytene» dei kunne eta seg mette frå i Egypt. Namnet «Gosen» blir derfor også brukt symbolsk om eit rikt og fruktbart land.[1]

Identifisering[endre | endre wikiteksten]

Omtrentleg plassering av Gosen på eit satellittbilde av Egypt.

I 1885 identifiserte E.H. Naville Gosen som den 20. nomen som låg på det austre Nildeltaet, og var kjend som «Gesem» eller «Kesem» i det 26. dynastiet i Egypt (672–525 f.Kr.). Det dekka vestdelen av Wadi Tumilat, med distriktet Sukkot som austkant og Pithom som hovudby, nordover så langt som ruinane av Piramesse ('landet til Ramses'), og inkluderte både jordbruksland og beitemark.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Gosen». Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 20. april 2017. 
  2. John Van Seters, "The Geography of the Exodus," in Silberman, Neil Ash (red.), The Land That I Will Show You: Essays in History and Archaeology of the Ancient Near East in Honor of J. Maxwell Miller (Sheffield Academic Press, 1997) s. 267-269, ISBN 978-1850756507

Bibelreferansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1 Mos 45,10
  2. 1 Mos 46,34
  3. 1 Mos 28,46
  4. 1 Mos 47,27–28
  5. 1 Mos 50,8
  6. 2 Mos 8,22
  7. 2 Mos 9,26
  8. 2 Mos 16,3