Gospa od Škrpjela

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gospa od Škrpjela (til venstre) i Kotorbukta.

Gospa od Škrpjela (serbisk skrift Госпа од шкрпјела; kroatisk Gospa od Škrpjela, 'Vår Frue på Klippene') er ei av to småøyar utanfor kysten av Perast i Kotorbukta i Montenegro. Den andre er Sveti Đorđe. Ho er ei kunstig øy danna av store steinar og gamle skip fylt med stein.

I dag er det ein skikk å kaste stein i sjøen. Kvar år 22. juli ved solnedgang, under ei hending kalla fašinada, går dei lokale kroatiske katolikkane ut i båtane sine og kastar stein på sjøen, og på den måten gjer øya større.

Kyrkja Vår frue på Klippene (serbisk Црква Госпа од шкрпјела; kroatisk Crkva Gospa od Škrpjela; italiensk Chiesa della Madonna dello Scarpello) er ei kyrkje som står på øya. Den første kjende kyrkja her vart bygd i 1452, medan kyrkja i dag vart bygd i 1632 og utvida i 1722.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 42°29′12″N 18°41′20″E