Gotha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gotha

Gotha er ein by og ein kommune i landkrinsen Gotha i delstaten Thüringen i Tyskland. Kommunen har ei flatevidd på 69,6 km² og 45 000 ibuarar. Byen ligg 300 meter over havet i eit flatt jordbrukslandskap.

Byen er kjend frå 700-talet. Frå 1640 til 1826 var Gotha hovudstad i fyrstedømmet Sachsen-Gotha, der etter til 1918 ein av to hovudstader i hertugdømmet Sachsen-Coburg-Gotha. Hertugen heldt hus i Friedenstein-slottet, som dominerer det sentrale bybiletet.

Frå 1700-talet var Gotha eit kultur- og vitskapssenter. Særleg innafor vitskapane markerte byen seg, med naturmuseum og stjerne-observatorium. Også i den tyske forlagsbransjen spelte byen ei viktig rolle, fyrst og fremst gjennom kartografiske verk.

Tysk forsikringsbransje tok til 1820 i Gotha med skipinga av Gothaer Versichering. Eit halvt hundreår seinare vart Sozialdemokratische Partei Deutschlands, det tyske sosialdemokratiske partiet SPD grunnlagt i byen. Frå 1880-åra var Gothaer Waggonfabrik ein stor produsent av trikkar og fly i over hundre år. I dag lagar fabrikken tippvogner og tilhengarar. Ein høgskule som utdannar fagfolk til det offentlege har sete i Gotha.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]