Gouache

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utstyr for gouachemåling
Anders Zorn: En premiär, 1888

Gouache er ein måleteknikk der ein brukar dekkande vassfargar. Gouache er òg nemninga på eit bilete måla med denne teknikken. Gouache er eit lånord frå fransk og vert uttala «gua´sj» eller «goa´sj». Fransk har henta orda frå det italienske «guazzo» som tyder vassøyle, vassfarge eller lavering.

Måling og teknikk[endre | endre wikiteksten]

Gouachemålinga inneheld kvitt fargestoff som gjer fargane matte og dekkande slik at papiret eller underlaget ikkje skin gjennom, slik det gjer med vanleg akvarell- eller lasurmåling. Målinga inneheld fargestoff løyst i vatn og gummi arabicum (lim) som andre vassfargar.

Ei rekke kunstmålarar og illustratørar har brukt, og brukar, denne måleteknikken. Gouachemålinga er reinsleg å arbeide med, då ho er vassløyseleg, og ho gir forholdsvis jamne fargeflater samt at mørkare felt kan dekkast med lys farge. Teknikken eignar seg særleg godt til illustrasjonsoriginalar som skal reproduserast, til dømes til fargesterke plakatar. Det har òg vore vanleg å bruke gouache til fargelegging av plastceller i teiknefilm, der figurane har heildekkande fargar, medan bakgrunnen har vorte påført i ein meir nyanserik akvarellteknikk. Gouache kan delvis erstattast av akrylmåling som er vassløyseleg når ho er våt, men toler vatn når ho har tørka.