Grå eminense

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein grå eminense er ein mektig rådgjevar som held seg i bakgrunnen, er lite kjend for omverda og verkar i det stille eller også hemmeleg. Personen er gjerne utan offisielle stillingar eller rang.

Omgrepet vart først nytta om François Leclerc du Tremblay, høgre handa til Kardinal Richelieu. Leclerc var ein fransk kapusinarmunk som bar grå, eller heller brune, kapper. Brun eller lysebrun (no beige) vart kalla grå i Frankrike på den tida. Tittelen eminense er ei tiltaleform nytta i den katolske kyrkja til kardinalar. Sjølv om Leclerc du Tremblay aldri nådde ein slik rang, er det sannsynleg at dei rundt han kan ha tiltala han på denne måten på grunn av den store innflytelsen «den grå munken» hadde på «hans eminense kardinalen», kardinal Richelieu.

Aldous Huxley skreiv ein biografi om Leclerc på engelsk med tittelen Grey Eminence. Det finst også eit måleri frå 1873 av Jean-Léon Gérôme, L'Éminence Grise, som viser Leclerc gå ned den store trappa i Palais Cardinal.

Grå eminense kan også bli nytta om ein eldre person, gjerne gråhåra, som er kjend for kva han eller ho har gjort tidlegare, men som no verkar meir som ein rådgjevar enn som ein utøvar, og som har innflytelse som følgje av tidlegare status. Dette kan vere ein pensjonert professor, ein tidlegare politikar med godt rykte mv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  • O'Connell, D.P. (1968). Richelieu. New York: The World Publishing Company.