Gråbeingard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gråbeingardar er eit oppnamn på leigekasernar bygd på slutten av 1800-talet og berekna på arbeidarklassen. Namnet kjem frå byggmeistar Ole Olsen med oppnamnet Gråbein og Oskar Braatens roman Ulvehiet. Namnet er særleg nytta om gardane Olsen bygde mellom Lakkegata og Tøyenparken.

I dag har namnet ein nedsettande tyding, men Olsens leigekasernar var av dei betre den tida dei blei bygd, med toalett i oppgangen i staden for ute og eige kjøkken i kvar bustad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]