Gråstein
Utsjånad

Gråstein er eit ikkje-fagleg omgrep som vanlegvis vert nytta om gneis og granitt. Begge desse er solide steinar med grå overflatefarge. Lav som veks på overflata vil òg ofte medverke til å gje steinen grå farge, og slik sett kan omgrepet nyttast om alle typar bergartar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«gråstein» i Store norske leksikon, snl.no.