Grønnlifjellet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Grønnlifjellet er eit fjell i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Det ligg rundt 3 km austom Risnefjorden, og 2 km austom Synnlikletten. Største høgda er 695 meter over havet. Det er bratte fjellsider mot Fossedalen i aust og mot Grønnlivatnet i nord, medan det i sør og vest er slakare hellingar. I nordaust ligg fjellet Setane, som er skilt frå Grønnlifjellet med eit kort skar. Mellom Grønnlifjellet og Synnlikletten ligg Skiddalsvatnet, som er utspring for Oppedalselva.

Koordinatar: 61°00′17″N 05°32′53″EMal:Koord/input/feil2