Risnefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Risnefjorden sett frå E39
Den ytre delen av Risnefjorden sett mot Brekke

Risnefjorden er ein fjordarm på sørsida av Sognefjorden i Gulen kommune. Fjorden strekkjer seg om lag 6 km rett sørover.

Fjorden har innløp mellom Kjellingskjeret ved Skrigebergtunnelen på austsida og Ortneset ved Brekke på vestsida. Inst i fjorden ligg Instefjord, medan grenda Asheim ligg tvers over fjorden for Brekke.

E39 går langs austsida av fjorden til Ytre Oppedal, der det går ferje over Sognefjorden til Lavik. fylkesveg 1 går langs vestsida av fjorden.

I april 1945 vart skipet «Inger Seks», som var rekvirert av de tyske okkupasjonsstyrkane i Noreg, senka av britiske fly medan det låg i Risnefjorden.

Det kom tre oppdrettsanlegg kring Risnefjorden på 1970-talet: Risnelaks, Sætrefisk og Fjordfisk. Seinare vart anlegga anten kjøpt opp av andre eller dei gjekk konkurs. I dag er oppdrettsanlegga blant dei største i Noreg og eigaren Slakteriet Brekke AS.