Grøvudalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Grøvudalen er ein fjelldal i Sunndal på Nordmøre. Elva Grøvu renn nordover gjennom dalen. Denne elva møter fleire andre elvar i juvet Åmotan som ligg sør for hovuddalføret Sunndalen. Dalen er omgjeven av fjell på over 1800-1900 moh. I dalbotnen har der vore seterdrift, og Gammelsetra, 805 moh, vert driven også i våre dagar. Like ved denne har Kristiansund og Nordmøre Turistforening hytte. Dalen har ein rik flora. Best kjende er Grøvudalsvalmue og Norsk Malurt. Området ligg innanfor Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark.