Gradbøying

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Grad er ein grammatisk kategori ved adjektivet. Kategorien har tre trekk, positiv, komparativ og superlativ, som i norsk fin, finare, finast.

Komparativ samanliknar to storleikar og finn at karakteristikken er meir treffande på den eine enn på den andre (Arne er tristare enn Bjørn). Superlativ plukkar ut ein medlem av ei gruppe som karakteristikken passar best på (Cato er tristast av dei alle). Positiv inneber òg ei samanlikning. Arne er trist inneber at han er tristare enn nokon som ikkje er trist, og kanskje tristare enn ein skulle vente.