Gradert lag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gradert lag

Graderte lag kan innanfor geologien finnast i lausavsettingar (sediment) og i sedimentære bergartar. Sedimentære bergartar er lausavsettinger som er herda til stein. Graderte lag er bygd opp ved at dei største korna i laget ligg nedst. Oppover i laget minkar kornstorleiken gradvis. Dei finaste korna finn vi på toppen. I kvart nytt lag blir denne strukturen gjenteke.

Danning[endre | endre wikiteksten]

Graderte lag dannast ved at grus og slam blir avsett frå grumsete vatn. Når vatnet får stå i ro vil dei største partiklane falle til botnen først, deretter gradvis meir finkornet material og til slutt det aller finaste slammet.

Storm som rasar over grunne havområde kan danne bølgjer som går så djupt at dei øvste laga av botnavsetjingane vert virvla opp. Etter stormen vil eit gradert lag avsetjast frå det grumsa vatnet.

Ved vulkanutbrot kan vulkansk oske og støv blir spreidd utover eit havområde. Denne vulkanske materialen søkk ned til havbotnen, dei største partiklane raskt, dei mindre langsamare, og det blir avsett som eit gradert lag.

Langt meir vanleg er danninga av graderte lag på havbotnen ved ras i framkant av kontinentalsokkelen som dannar ein brem utanfor kystane av kontinenta. Kontinentalskråninga dannar overgangen mellom denne bremmen og djuphavet utanfor. Elver bringar erodert material frå landområdet ut i havet. Langsame straumar fører slamma vidare og avset det i framkanten av sokkelen slik at denne langsamt veks utover i havet. Fordi dette slamma først og fremst blir avsett i øvre del av skråninga, vil denne stadig bli brattare. Før eller seinare vil det måtte gå eit undersjøisk ras. Etter at eit ras har gått, fortset avsetjingane i den øvre delen av skråninga. Slike undersjøiske ras nedover kontinentalsokkelskråninga skjer difor regelmessig.

Når eit ras går, virvlast sand og slam opp i vatnet og trekkjer dette med seg nedover. Det oppstår ein straum av tungt, grumsa vatn som aukar farten på vegen sin nedover skråninga. Dette blir kalla ein turbiditt. Nedanfor skråninga fortset denne undersjøiske «støvskya» eit godt stykke utover havbotnen før farten minkar og det oppvirvla materialen blir avsett på botnen. Og her vil den grovaste materialen søkke til botnen først, det finaste sist, og det blir danna eit gradert lag. Fordi raset nedover kontinentalskråninga skjer regelmessig, vil det seinare kome nye straumar med grumset vatn og avsetje nye graderte lag oppå dei forrige. På denne måten kan det dannast stadig gjentekne graderte lag over kvarandre. Kvart lag vil ha skarp grense mellom den finkorna, øvste delen, og den grovkorna, nedre del av neste lag.

Tyding[endre | endre wikiteksten]

Fordi andre trekk ved ei avsetjing eller ein sedimentær bergart gjer det mogleg å skilje mellom ulike danningsmåtar for graderte lag, kan desse fortelje geologane mykje om dei tilhøva som rådde dengong lagane vart avsett. Ei særleg nytte av graderte lag har dei geologane som arbeider i område der sedimentære bergarter er vorte folda så sterkt at det ikkje lenger er klårt kva som er opp og ned på laga. Graderte lag vil på ein utvitydig måte vise kva som var opp den gongen bergarta vart danna. I Noreg er det ikkje uvanleg å finne omdanna sedimentære bergarter som ligg «på hovudet».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Gradering i geologi» frå Wikipedia på bokmål, den 20. november 2013.
  • The Concise Oxford Dictionary of Earth Sciences, Oxford University Press 1991, oppslagsord "Graded bedding"
  • Stephen Marshak: Earth, W. W. Northon & Company, Inc. 2001, Sider 187-188.
  • Inge Bakke: Gradert lagning, Godbiter fra samlingene nr. 49/1979, Universitetet i Bergen.