Grann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit grann, av norrønt grand, truleg opphavleg 'noko knust', jamfør engelsk to grind, 'å knuse', er ei uttrykk for ei svært lita mengd. Ordet var i eldre tid den minste masseeininga. Eit grann (i eldre rettskriving gran) tilsvarte i Noreg 3,8 milligram.

  • 16 grann var 1 æs
  • 16 æs var 1 ort
  • 16 ort var 1 lodd
  • 16 lodd var 1 mark, eller nær 1/4 kg

Som pengevekt var utgangspunktet noko lettare, slik at grannet berre vog om lag 3,6 milligram, medan apotekarane brukte medisinalvekt og opererte med såkalla nürenberggran, som vog 62 milligram (0,062 g).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]