Gravity Falls

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gravity Falls
Gravity Falls.png
SjangerMysterie, komedie, eventyr
ProduksjonslandFlag of the United States.svg USA
Sesongar2
Episodar40
SpråkEngelsk
ProdusentAlex Hirsch
ManusAlex Hirsch
RegiAaron Springer, Rob Renzetti, Stephen Sandoval
Periode15. juni 2012–15. februar 2016
KanalDisney Channel, Disney XD
Biletformat16:9

Gravity Falls er ein animert TV-serie produsert av Disney Television Animation for Disney Channel og Disney XD, som gjekk frå 15. juni 2012 til 15. februar 2016.

Serien er skapt av Alex Hirsch og følgjer eventyra til ungdommane Dipper Pines (spelt av Jason Ritter) og tvillingsystera hans, Mabel (spelt av Kristen Schaal). Dei er sendt av garde i sommarferien for å vere med grandonkelen «Grunkle» Stan (spelt av Hirsch) i bygda Gravity Falls, som er full av paranormale krefter og overnaturlege vesen. Ungdommane hjelper Stan med å drive turistfella si, «The Mystery Shack», medan dei også granskar dei lokale mysteria.

Juni 2014 vart det stadfesta av den andre sesongen av serien ville ha premiere 1. august 2014 på Disney Channel og 4. august same året på Disney XD. November 2015 annonserte Hirsch at Gravity Falls ville avslutte med den andre sesongen, og serien kulminerte i ein finale på éin time, «Weirdmageddon 3: Take Back the Falls», som premierte 15. februar 2016.[1] Før avslutninga av serien, vart ein maraton av tidlegare episodar av Gravity Falls send kontinuerleg på Disney XD frå 12. februar til 15. februar 2016.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Gravity Falls