Grindavík
| Grindavík | |||
| by | |||
Grindavík i desember 2006 | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Areal | 423 km² | ||
| Folketal | 2 821 (2011) | ||
![]() Grindavík 63°50′29″N 22°26′14″W / 63.841283333333°N 22.437105555556°W | |||
| Wikimedia Commons: Grindavík | |||
Grindavík er ein tettstad og kommune (sveitarfélag) i regionen Suðurnes på Island. Han ligg på Reykjaneshalvøya sørvest på Island og hadde 2 821 innbyggjarar i 2011. Fiske er den viktigaste næringsvegen. Den blå laguna ligg 5 kilometer unna byen.
I november 2023 blei det erklært unntakstilstand og byen blei evakuert grunna aukande og sterk seismisk aktivitet.[1] 18. desember 2023, rundt klokka 22:00 lokal tid (GMT), hadde Sundhnúkur vulkanutbrot. Utbrotet fann stad nær Hagafell, rundt 3 km nordaust for Grindavík.[2] Vulkanen hadde eit nytt utbrot 8. februar, denne gongen like ved byen, og lavaflaumen øydela nokre bygningar og infrastruktur. Innbyggjarane i Grindavík var framleis evakuerte.[3] 20. februar fekk innbyggjarane løyve til å venda heim, men 2. mars blei Grindavík evakuart att på grunn av ny seismisk aktivitet.[4]
Grunna dei mange evakueringane og den usikre situasjonen bur det færre folk i Grindavík enn før. Ved eit utbrot i juli 2025 var det folk i rundt 50 hus.[5] Bebuarar held til i byen på eigen risiko.[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Iceland: experts predict feared volcanic eruption could destroy town near Reykjavik». The Guardian. Agence France-Presse. 12. november 2023. Henta 14. januar 2024.
- ↑ Taylor Ward; Mitchell McCluskey; Jessie Yeung (18. desember 2023). «Volcano erupts on Iceland's Reykjanes peninsula». CNN (på engelsk). Henta 19. desember 2023.
- ↑ di Marco, Marco (8. februar 2024). «Volcano in south-western Iceland erupts for third time since December». The Irish News. Associated Press. Henta 10. februar 2024.
- ↑ «Likely that magma flow has stopped for time being; Grindavík & Blue Lagoon evacuated». Ruv.is. 2. mars 2024. Henta 2. mars 2024.
- ↑ Ridola, Hilde Nilsson (16. juli 2025), «Evakuering ved Grindavik på Island – frykt for vulkanutbrudd», NRK (på norsk bokmål), henta 19. juli 2025
- ↑ Chapman, Michael (17. juli 2025), «Grindavík Residents Allowed Back After Volcanic Eruption», Iceland Review (på engelsk), henta 19. juli 2025
- Denne artikkelen bygger på «Grindavík» frå Wikipedia på bokmål, den 4. april 2016.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne geografiartikkelen som har med Island å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |

