Grit Jurack

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grit Jurack


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 22. oktober 1977 (46 år)
Leipzig
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2008

Utmerkingar

Årets håndballspiller i Tyskland, Årets håndballspiller i Tyskland, Årets håndballspiller i Tyskland, Årets håndballspiller i Tyskland, Årets håndballspiller i Tyskland

Grit Jurack (fødd 22. oktober 1977) er ein tysk handballtrenar og tidlegare -spelar frå Leipzig. Ho var ein stor og sterk venstrehendt rykkromspelar som skåra ei brotmasse med mål, samstundes som ho utmerkte seg i forsvarsspelet.

Jurack var aktiv i HC Leipzig frå 1993 til 2001. Deretter spelte ho i to sesongar for danske Ikast/Bording. 2003/04-sesongen var ho atter Leipzig-spelar. Sidan gjorde ho frå 2004 teneste i danske topplaget Viborg Håndbold Klub. Med dette laget vart ho fleire gongar dansk seriemeister og pokalmeister. Høgdepunktet med Viborg var dei tre triumfane; 2007, 2009 og 2010 i EHF-meisterligaen.

Jurack debuterede på Tyskland sitt landslag 23. januar 1996. Gjennom 16 år deltok ho i 305 landskampar og skåra 1579 mål, noko som rekord for Tyskland. Med landslaget vann ho ein bronsemedalje i VM 1997 og ein til bronse i VM 2007. Grunna ein alvorleg skulderskade la ho opp våren 2012.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]