Große Laber

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Große Laber
elv
Große Laber, Sünching
Land  Tyskland
Lengd 85 km
Kjelde Kelheim
Munning Donau
Kart
Große Laber
48°53′49″ N 12°33′37″ E
Wikimedia Commons: Große Laber

Große Laber (òg kalla Große Laaber) er ei elv i Bayern i Tyskland, og ei sideelv til Donau.

Elva har utspring i landkreis Kelheim i eit åslendt landskap ved Volkenschwand. Frå kjelda om lag 500 meter over havet renn Große Laber hovudsakleg nordaustover forbi byane Pfeffenhausen, Rottenburg, Langquaid og Sünching. Dei siste tre kilometrane renn elva parallelt med Donau før dei renn i hop nær Straubing.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]