Groenriviermondvuurtoring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Groenriviermondvuurtoring
StadGroenriviermond i Sør-Afrika
Opna1988
Høgd17
Kart
Groenriviermondvuurtoring
30°51′53″S 17°34′49″E / 30.864722222222°S 17.580277777778°E / -30.864722222222; 17.580277777778

Groenriviermondvuurtoring er eit fyr mot Atlanterhavet ved Groenriviermond i Sør-Afrika.

Fyret vart bygd i 1988 og er det siste fyrtårnet som har vorte bygd i Sør-Afrika. Det 17 meter høge betongtårnet er måla gult med ei horisontal svart stripe. Ljosa på tårnet stammer frå det mellombelse tårnet ved Kapp Agulhas som gjorde teneste frå 1968 til 1988.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]