Grohette

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Grohette


Grohette Foto: Arne Aronsen/Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo
Grohette
Foto: Arne Aronsen/Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo
Systematikk
Rike: Fungi
Rekkje: Basidiomycota
Underrekkje: Agaricomycotina
Klasse: Agaricomycetes
Orden: Agaricales
Familie: Mycenaceae
Slekt: Mycena
Art: M. guldeniana
Vitskapleg namn
Mycena guldeniana
Aronsen & Perry

Grohette eller gros hette (Mycena guldeniana) er ein særs liten gråbrun hettesopp som veks på nedfalne og rotnande blad i alpine vierkratt. Hatten har ein diameter på 1–2 millimeter.

Grohette veks ofte saman med og liknar på vierbladhette men skil seg ved at hatten er brun på let. Grohette liknar òg på seljebladhette som veks i låglandet, men denne har ein nesten kvit hatt.

Grohette veks gjerne fram seint om hausten og har ein kort sesong. Han veks eismalt eller i grupper på falne Salix-lauv: til dømes på lauv av Salix lapponum.

Arten er berre kjend i Noreg, der han er kjend frå fleire fylke. Mogelegvis er arten vanleg i områda der han veks og at liten storleik og utilgjengeleg habitat har ført til få observasjonar.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]