Artsdatabanken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Artsdatabanken
Org.nummer919666102
HovudkontorTrondheim
LeiarBror Yngve Rahm
Tilsette33

Artsdatabanken er ein norsk, statleg organisasjon som hentar inn og samanstiller informasjon og data om norsk naturmangfald. Denne kunnskapen blir gjord tilgjengeleg for heile samfunnet. Artsdatabanken vert omtala som «ein nasjonal kunnskapsbank for naturmangfald».[1][2] Organisasjonen kom i drift i 2005.[2]

Virke[endre | endre wikiteksten]

I Raudlista for artar 2021 kom laks Salmo salar inn på lista for fyrste gong, i kategorien nær truga, NT.

Artsdatabanken si oppgåve er primært å skaffe til vege kunnskap som kan brukast til å styrkje ei kunnskapsbasert naturforvalting i Noreg, i tråd med Stortingsmelding 14 Natur for livet - Norsk handlingsplan for naturmangfald.[3]

Kunnskapen frå Artsdatabanken blir òg nytta av andre samfunnsaktørar, til dømes i forsking, i undervising eller i konsekvensutgreiingar ved utbygging og andre naturinngrep. Organisasjonen sin informasjon vert dessutan brukt mykje av media, politikarar, og av ålmenta.

Artsdatabanken hentar i hovudsak inn informasjon og data om naturmangfaldet gjennom eit tett samarbeid med norske vitskaplege institusjonar, dei såkalla kunnskapsprodusentane. Sida 2008 har også befolkninga elles bidratt i stort monn til informasjonstilfanget, gjennom å rapportere inn funna sine av artar i Artsdatabankens rapporteringsteneste Artsobservasjoner.[4] Tenesta hadde per januar 2022 fått inn nær 27 millionar registreringar. Artsdatabanken har i tillegg ansvaret for Artsprosjektet,[5] eit initiativ som har som mål å styrkje kunnskapen om artar i Noreg. Gjennom Artsprosjektet kan forskarar blant anna få innvilga stønad for å kartleggje lite kjende artar og artsgrupper, som er vanskeleg tilgjengelege eller vanskelege å artsbestemme.

I tillegg til å vere ein leverandør av kvalitetssikra informasjon om naturmangfald, har Artsdatabanken også fleire andre ansvarsområde, som til dømes:

Norsk raudliste for artar[endre | endre wikiteksten]

Artsdatabanken har ansvaret for å utarbeide Norsk raudliste for artar, som er ei oversikt over artar som har ein risiko for å døy ut frå Noreg. Raudlista for artar blir laga i samarbeid med ekspertar frå norske naturvitskaplege miljø, og vert lagt fram kvart 6. år. Gjeldande raudliste for artar er Norsk raudliste for artar 2021.[6]

Framande artar i Noreg, med økologisk risiko[endre | endre wikiteksten]

Artsdatabanken held oversikt over kva framande artar som finst i Noreg, og vurderer i samarbeid med eksterne ekspertar kva økologisk risiko dei einskilde framande artane utgjer. Resultatet av arbeidet blir lagt fram kvart 6. år i form av ein rapport som heiter Framandartslista. Framandartslista blei sist lagd fram i 2018, og ei ny vil vere klar i 2023.

Norsk raudliste for naturtypar[endre | endre wikiteksten]

Artsdatabanken held oversikt over kva naturtypar som har ein risiko for forsvinne frå Noreg. Resultatet vert presentert i Norsk raudliste for naturtypar.[7] Arbeidet med lista involverer ekspertar frå fleire naturvitskaplege miljø. Raudlista for naturtypar blei sist lagd fram i 2018. Neste utgåve er planlagd i 2025.

Natur i Norge (NIN) - system for å beskrive naturtypar[endre | endre wikiteksten]

Artsdatabanken har utvikla og driftar Natur i Norge (NIN),[8] som er eit system for å beskrive all natur i Noreg. NIN er dei ulike sektorane sitt felles system for handtering av naturvariasjon på alle skalaer, og utgjer kjernen i offentleg kartlegging av naturtypar i Noreg.

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Artsdatabanken blei oppretta i 2005, og er ein sjølvstendig, bruttofinansiert etat under Klima- og miljødepartementet.

Organisasjonen er fagleg uavhengig, har eige styre og eigen direktør. Bror Yngve Rahm er styreleiar og Bjarte Rambjør Heide er direktør.

Artsdatabanken har per 2022 litt over 30 årsverk fordelt på biologar, IT-utviklarar, kommunikasjonsrådgivarar og støttefunksjonar.

Artsdatabanken har kontor i Havnegata 9, på Pirsenteret i Trondheim.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei fyrste lokala til Artsdatabanken var i den gamle fylkesmannsboligen i Trondheim. I dag held organisasjonen til på Pirsenteret.

Frå oppstarten i 2005 og til 2017 var Kunnskapsdepartementet Artsdatabankens eigardepartement, og organisasjonen var administrativt knytt til NTNU. Frå 1. januar 2018 blei organisasjonen flytt inn under Klima- og miljødepartementet.

Direktørar i Artsdatabanken[endre | endre wikiteksten]

  • Ivar Myklebust (2005-2017)
  • Nils Valland (konstituert) (hausten 2017)
  • Einar Hjorthol (2018-2020)
  • Ingrid Ertshus Mathisen (konstituert) (hausten 2020)
  • Bjarte Rambjør Heide (2021-d.d.)

Styreleiarar i Artsdatabanken[endre | endre wikiteksten]

  • Karl J. Baadsvik (2004-2007)
  • Stein Lier-Hansen (2008-2014)
  • Bror Yngve Rahm (2014-)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]