Hopp til innhald

Grunnfrekvens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vibrasjon og ståande bølgjer på ein streng. Øvst er grunnfrekvensen eller grunntonen og under dei første seks overtonane.

Grunnfrekvens er den lågaste frekvensen i ei periodisk svinging. Som regel er ei periodisk svinging ikkje reint sinusforma, men kan tenkjast samansett av ei rekkje sinusforma harmoniske svingingar, det vil seie svingingar der frekvensen er ei heil mengd gonger grunnfrekvensen.