Guadaíra
Utsjånad
Guadaíra | |||
elv | |||
Land | Spania | ||
---|---|---|---|
Lengd | 110 km | ||
Munning | Guadalquivir | ||
Guadaíra 37°10′26″N 6°06′09″W / 37.173791666667°N 6.1023888888889°W | |||
Wikimedia Commons: Guadaíra River |
Guadaíra er ei elv i provinsen Sevilla i Andalucia, sør i Spania og er ei av sideelvane til Guadalquivir. Namnet har den same rota guad som den større elva Guadalquivir og kjem frå det arabiske ordet wadi, som tyder «elvedal».
Elva renn gjennom byen Alcala de Guadaíra i storbyområdet til Sevilla. Den øvre delen av nedslagsfeltet hennar ligg aust og søraust for byen. Ho renn gjennom byen og munnar ut i Guadalquivir sør for Sevilla. Elva har i mange år vore forureinina av biprodukt under handsaming av oliven og anna avfall som vert ført direkte ut i elva.
Store mengder skum og dårleg lukt er vanleg ved elva om vinteren. Trass i dette lever det mykje dyreliv langs breidda av elva, som ofte er dekt av tre og vegetasjon.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Guadaíra» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mai 2009.