Arabisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arabisk
(عربية Arabiyya)
Klassifisering: afroasiatisk

 semittisk
  sentralsemittisk
   sørleg grein
    Arabisk

Talarar: arabarar
Bruk
Tala i: Algerie, Bahrain, Egypt, Irak, Israel, Jemen, Jordan, Kuwait, Libanon, Libya, Mauritania, Marokko, Oman, Palestina, Qatar, Saudi-Arabia, Sudan, Syria, Tunisia, Dei sameinte arabiske emirata, og i mange andre land som minoritetsspråk
Område: Den arabiske verda
Arabisktalande i alt: 225 millionar (Ethnologue)
Rangering: Det fjerde mest utbreidde språket
Skriftsystem: Arabisk
Offisiell status
Offisielt språk i: Algerie, Bahrain, Dei sameinte arabiske emirata, Djibouti, Egypt, Eritrea, Irak, Israel, Jemen, Jordan, Komorane, Kuwait, Libanon, Libya, Mauritania, Marokko, Oman, Palestina, Qatar, Saudi-Arabia, Sudan, Syria, Tunisia, Tsjad
Normert av: Egypt: Academy of the Arabic Languages
Språkkodar
ISO 639-1: ar
ISO 639-2: ara
ISO 639-3: ara

Arabisk (العربية) er eit semittisk språk, nært i slekt med hebraisk og arameisk. Det er hovudspråket i heile den arabiske verda, og det er utbreidd i den islamske verda. Arabisk fekk skriftspråket sitt allereie på 500-talet. Det er liturgispråk i islam og eit viktig kulturspråk innan islam og i jødedommen.

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

I lag med maltesisk dannar arabisk den sørlege greina av dei sentrale semittiske språka. Dei andre nolevande språka i gruppa av sentrale semittiske språk er arameisk og hebraisk.

Den arabiske verda. Arabisk er einaste offisielle språk i grønfarga land og eitt av fleire offisielle språk i dei blåfarga.

Geografisk område[endre | endre wikiteksten]

Arabisk språk blir snakka som daglegspråk i heile den arabiske verda og som liturgisk språk i alle muslimske land.

Offisiell status[endre | endre wikiteksten]

Liste over språk, region eller kommunar der språket har offisiell status.

Dialektar[endre | endre wikiteksten]

Termen arabisk viser som regel til klassisk arabisk (språket i Koranen). I ulike arabiske land snakkar folk arabisk på ulik måte, hadde det ikkje vore for samlinga rundt eit felles skriftspråk (skrive med det arabiske alfabetet) ville vi ha rekna dei ulike arabiske talarane som talarar av ulike språk.

Avleidde språk[endre | endre wikiteksten]

Maltesisk var i utgangspunktet ein arabisk dialekt men skil seg no frå arabisk på mange felt, både innanfor fonologi, morfologi og ordforråd.

Lydsystem[endre | endre wikiteksten]

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Klassisk arabisk har tre vokalar, a, i, u. Kvar av desse kan vera kort eller lang. I moderne arabiske dialektar finn ein òg vokalane e (oftast som variant av i eller a) og o (oftast som variant av u eller a).

Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

Arabiske konsonantfonem
  Bilabial Inter-
dental
Dental Emfatisk
dental
(Alveo-)
Palatal
Velar Uvular Faryn-
gal
Glottal
Plosivar Ustemte     t   k q   ʔ
Stemte b   d ʤ¹        
Frikativar Ustemte f θ s ʃ x   ħ h
Stemte   ð z ð̴   ɣ   ʕ  
Nasalar m   n            
Lateralar                
Rhotisk (trill)     r            
Halvvokalar w       j        

Tabellen nyttar symbol frå det internasjonale fonetiske alfabetet.

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Arabisk er kjend for det høge talet på bakre konsonantfonem.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Det arabiske språket byggjer på eit rotsystem, som så ofte når det kjem til semittiske språk. Kvart ord har ei grunnleggjande rot på (som oftast) tre konsonantar. Til dømes verbet kataba, som tyder 'å skrive' (bokstavleg 'han skreiv'), består av konsonantane k, t og b. Dei same rotkonsonantane kan ein finne i ordet maktbab ('eit kontor' eller 'ein pult'). Då kan ein sjå at rota k-t-b famnar om eit spesielt emne, nemleg skriveaktiviteten.

Låneord byggjer som oftast ikkje på noko rot, men vert transkribert direkte til arabisk skrift.

Verb[endre | endre wikiteksten]

Verb på arabisk kan delast inn i to hovudformer: perfekt og imperfekt. Perfekt vert i hovudsak nytta for fortid, medan imperfekt vert nytta for notid og framtid. Likevel er det mange unntak frå denne regelen.

Perfekt og imperfekt kan vidare delast inn i to underformer: aktiv og passiv. Generelt så kan ein seie at aktiv-forma er der utøvaren av handlinga er aktivt med på det. Medan i passiv-forma så vert noko gjort. Til dømes:

  • kataba (perfekt, aktiv) tyder 'han skreiv'.
  • kutiba (perfekt, passiv) tyder 'det vart skrive'.
  • yaktubu (imperfekt, aktiv) tyder 'han skriv'.
  • yuktabu (imperfekt, passiv) tyder 'det vert skrive'.

Kasus[endre | endre wikiteksten]

Arabisk har tre aktive kasus: Nominativ, akkusativ og genitiv.

Ordforråd[endre | endre wikiteksten]

Skriftsystem[endre | endre wikiteksten]

Arabisk blir tradisjonelt skrive med ulike skriftsystem i ulike kulturar. I den muslimske fleirtalskulturen i det arabiske språkområdet brukar ein så og seie utelukkande det arabiske alfabetet. I sefardisk og mizrahisk jødisk kultur vart arabisk derimot oftast vorte skrive med det hebraiske alfabetet heilt fram til vår tid. Språkforma i dei jødiske tekstane er òg kjend som judeoarabisk eller jødearabisk. I vestleg kultur, ved chatting og SMS-kommunikasjon, kan arabisk bli skrive ved hjelp av tal og latinske bokstavar; ei engelskpåvirka skriveform som går under slangnamnet aralish eller arabish.


Døme[endre | endre wikiteksten]

Norsk Arabisk Romanisering (ALA-LC) IPA
ja نَعَمْ naʿam}} /naʕam/
nei لا /laː/
hei مَرْحَباً marḥaban /marħaban/
velkomen أَهْلاً ahlan /ahlan/
adjø مَعَ السَّلامَةِ maʿa as-salāmah /maʕ assalaːmah/
takk شُكْرًا shukran /ʃukran/
orsak عَفْوًا ʿafwan /ʕafwan/
eg snakkar ikkje arabisk لا أَتَكَلَّمُ الْعَرَبيَّةَ lā atakallamu al-ʿarabīyah /laː ʔatakallam ulʕarabiːja/
eg veit ikkje لا أَعْرِفُ lā aʿrif /laː ʔaʕrif/
eg er svolten أنا جائِعٌ anā jāʾiʿun /ʔanaː dʒaʔiʕun/
ein واحِد wāḥid /waːħid/
to إِثْنان ithnān /iθnaːn/
tre ثَلاثَة thalāthah /θalaːθah/
fire أَرْبَعَة arbaʿah /ʔarbaʕah/
fem خَمْسَة khamsah /xamsah/
seks سِتَّة sittah /sitah/
sju سَبْعَة saba'ah /sabʕah/
åtte ثَمانِيَّة thamaniah /θamaniːjah/
ni تِسْعَة tis'aah /tisʕah/
ti عَشَرَة asharah /ʕaʃarah/
elleve إِحدَى عَشَر eḥda ashar /ʔeħda ʕaʃar/


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Arabisk

Wikipedia-logo-v2.svg Wikipediaarabisk



Semittiske språk
Austsemittisk: akkadisk
Nordvestsemittisk: ugarittisk · hebraisk · arameisk · arabisk · maltesisk
Sørsemittisk: geez · amharisk · tigrinja · tigré · gurage · harari
Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.