Gudbrandsdalsost

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gudbrandsdalsost-type frå Synnøve Finden produsert i Østerdalen.

Gudbrandsdalsost er ein type brunost som først vart laga av Anne HovSolbråsætra i Sør-Fron kommune i byrjinga av 1860-åra.

Osten er brunraud av farge og er laga av myse, fløyte og mjølk frå ku og geit. Ettersom setra han kom frå ligg i Gudbrandsdalen, blei osten kalla gudbrandsdalsost. På døl blir han kalla rauost (raudost).

Anne Hov fekk Kongens Fortjenstmedalje i sølv i 1933 for oppfinninga si. Da var ho 87 år gammal.

Osten blir i dag produsert mange stader i landet, i Gudbrandsdalen berre ved Lom og Skjåk ysteri. Ysteriet ligg i Skjåk, like ved kommunegrensa til Lom.