Guido Westerwelle
Utsjånad
| Guido Westerwelle | |||
| | |||
| Fødd | 27. desember 1961 Bad Honnef | ||
|---|---|---|---|
| Død | 18. mars 2016 (54 år) | ||
| Statsborgar av | Tyskland | ||
| Parti | Freie Demokratische Partei (1980) | ||
| Yrke | politikar, advokat, skribent | ||
| Utdanna ved | Ernst-Moritz-Arndt-Gymnasium Universitetet i Bonn Fernuniversität in Hagen | ||
| Ektefelle | Michael Mronz | ||
| Sambuar | Michael Mronz | ||
| Medlem | Atlanterhavsbroen Junge Liberale Angela Merkels andre regjering | ||
| Alle verv | |||
Guido Westerwelle (27. desember 1961–18. mars 2016) var ein tysk jurist og politikar frå Bad Honnef. Han var utanriksminister i Tyskland 2009-13.
Westerwelle var medlem av den tyske forbundsdagen frå 1996 til 2013. Frå 2001 var han formann i FDP. I 2009 gjorde partiet eit historisk godt forbundsval og danna regjering i lag med CDU. Westerwelle tok posten som utanriksmister og var samstundes visekanslar for forbundskanslar Angela Merkel. Våren 2011 trekte han seg som formann i FDP og frå stillinga som visekanslar, etter å ha fått mykje kritikk for handsaminga av ei rekke saker. Westerwelle heldt fram som utanriksminister til forbundsvalet i 2013.
Han døydde av blodkreft.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Guido Westerwelle» frå Wikipedia på tysk, den 17. februar 2022.