Guillaume Hoarau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Guillaume Hoarau
Guillaume Hoarau 20110724.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Guillaume Hoarau
Fødd 5. mars 1984
Fødestad Saint-Louis
Høgd 193 cm
Posisjon Angrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Paris Saint-Germain
Nummer 9
Ungdomsklubbar
1994-2001 Frankrike Saint-Pierroise
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2001-03
2004-08
2006-07
2008-
Frankrike Saint-Pierroise
Frankrike Le Havre
Frankrike Gueugnon
Frankrike Paris Saint-Germain

81 (33)
21 (8)
55 (23)
Landslag
2010- Frankrike Frankrike 2 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 17. mai 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 17. mai 2010

Guillaume Hoarau (fødd 5. mars 1984 i Saint-LouisRéunion) er ein fransk fotballspelar som spelar for Paris Saint-Germain i fransk Ligue 1. Han har òg landskampar for Frankrike.

Hoarau sin første fotballklubb var Saint-Pierroise, på heimøya Réunion. I 2004 drog han til Europa og Le Havre i Ligue 2. I 2008 gjekk han til Paris Saint-Germain for ein overgangssum på 500 000 euro. Den siste sesongen hans i Le Havre vart han toppskårar i Ligue 2 og var med på å vinna opprykk til Ligue 1 for klubben.

Hoarau debuterte for Frankrike sitt A-landslag 11. august 2010 i ein privatlandskamp mot NoregUllevaal, etter at den nye landslagstrenaren, Laurent Blanc, stengte ute alle landslagsspelarane som hadde vore med i fotball-VM i Sør-Afrika.