Gunnar Hjeltnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunnar Hjeltnes
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. desember 1922
Idrett alpint
Yrke alpinist

Gunnar Hjeltnes (fødd 25. desember 1922) er ein norsk tidlegare alpin skirennar frå Myrdal i Ulvik i Hordaland. Han vart norsk meister i utforrenn i 1951. Hjeltnes var medlem i Myrdal Idrettslag.

Hjeltnes vann tre NM-sølv og like mange NM-bronsar i tida 1948-52. I 1951 rann han ned til NM-gull i utforrennet på Norefjell, eit halvt sekund framom Stein Eriksen på sølvplassen. Hjeltnes deltok i Vinter-OL 1952, der han vart sjuandemann i utfor og kom på tiandeplass i storslalåm-tevlinga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]