Gunnar Holmsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 15. august 2010 kl. 13:37 av Frokor (diskusjon | bidrag) (')

Gunnar Holmsen fødd 24. november 1880 i Røros, død 1976 var ein norsk geolog. Holmsen arbeida innan mange greiner av geologien, særleg med kvartær- og ingeniørgeologi, og han publiserte fleire arbeid innan desse faga.

Han byrja å studere i 1899 og vart cand.real. i 1905, dr.philos. i 1914 og arbeidde som statsgeolog frå 1918 til 1950 ved Noregs geologiske undersøkingar.

Han var bror til bergmeister A. Holmsen og var gift med Hanna Marie Resvoll, som er kjend som Hanna Resvoll-Holmsen, ein norsk botanikar og pioner innan naturvitskapen.

Gunnar Holmsen føretok i åra 1908-1919 geologisk kartlegging av fleire område i Nord-Norge og Trøndelag. I 1900 reiste Holmsen på ein ekspedisjon til Spitsbergen, der han gjorde viktige fysisk-geografiske studiar over ørkendanningar i polarstrøk, jordbotnsis og jordflytting (solinuktion). Resultata vart lagt fram i fleire avhandlingar, som Om jordlags lang­somme glidning, solifluktion (Norsk Geogr. Selsk. Arb. XXV), som han i 1914 fekk doktorgrad for. Eoit viktig samleverk er Spitsbergens natur og historie (Kra. 1911, òg publi­sert på tysk).

Andre publikasjonar er Brædæmte sjøer i Nordre Østerdalen (Norges geol. Undersøkelse nr. 73, 1915), Torvmyrenes lagdeling i det sydlige Norges lavland (Norges geol. Undersøkelse nr. 90, 1922) og Vore myrers plantedekke og torvarter (nr. 99, 1923).

Kjelder