Gunnar Holmsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gunnar Holmsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. november 1880
Røros
Død

25. januar 1976 (95 år)
Oslo

Yrke geolog
Ektefelle Hanna Resvoll-Holmsen
Gunnar Holmsen på Commons

Gunnar Holmsen (fødd 24. november 1880 i Røros, død 25. januar 1976) var ein norsk geolog. Holmsen arbeida innan mange greiner av geologien, særleg med kvartær- og ingeniørgeologi, og han publiserte fleire arbeid innan desse faga.

Han byrja å studere i 1899 og vart cand.real. i 1905, dr.philos. i 1914 og arbeidde som statsgeolog frå 1918 til 1950 ved Noregs geologiske undersøkingar.

Han var bror til bergmeister Andreas Holmsen og var gift med Hanna Marie Resvoll, som er kjend som Hanna Resvoll-Holmsen, ein norsk botanikar og pioner innan naturvitskapen.

Gunnar Holmsen gjorde i åra 1908-1919 geologisk kartlegging av fleire område i Nord-Noreg og Trøndelag. I 1908, 1909 og 1912 reiste Holmsen på ekspedisjonar til Spitsbergen, der han gjorde viktige fysisk-geografiske studiar over ørkendanningar i polarstrøk, jordbotnsis og jordflytting (solinuktion). Resultata vart lagt fram i fleire avhandlingar, som Om jordlags lang­somme glidning, solifluktion (Norsk Geogr. Selsk. Arb. XXV), som han i 1914 fekk doktorgrad for. Eoit viktig samleverk er Spitsbergens natur og historie (Kra. 1911, òg publi­sert på tysk).

Andre publikasjonar er Brædæmte sjøer i Nordre Østerdalen (Norges geol. Undersøkelse nr. 73, 1915), Torvmyrenes lagdeling i det sydlige Norges lavland (Norges geol. Undersøkelse nr. 90, 1922) og Vore myrers plantedekke og torvarter (nr. 99, 1923).

Ei samling av Holmsen sine fotografi finst ved Norges geologiske undersøkelse.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]