Gøystavatnet
Utsjånad
Gøystavatnet | |||
innsjø | |||
Gøystavatnets plassering i høve til Rjukan.
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Telemark | ||
Kommune | Tinn | ||
Høgd over havet | 1086[1] moh. | ||
Areal | 11,00 km² | ||
Kystlengd1 | 37,48 km | ||
Koordinatar | 59°59′49″N 08°20′51″E / 59.99694°N 8.34750°E | ||
Gøystavatnet 59°59′49″N 8°20′51″E / 59.996944°N 8.3475°E | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Gøystavatnet (òg kalla Gøyståvatnet og Gøystvatnet)[2] er ein innsjø i Tinn kommune i Telemark. Han er regulert som magasin for Mår kraftverk. Det naturlege utløpet til innsjøen er mot aust til Nysetdøla og Gøyst som renn ned til Tinnsjå. Etter utbygginga av kraftverket er sjøen oppdemt til same nivå som Kalhovdfjorden i naboelva Mår i nord, og dei to sjøane dannar no eit samanhengande magasin som òg omfattar Strengetjønnan, Kilsfjorden, Sprogen, Geitebufjorden, Grytefjorden og Viervatnet. Vassføringa frå Gøystavatnet overførast til Mår kraftverk via ein tunnel frå Grottetjønn noko lengre ned i Nysetdølas løp.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «NVE Atlas»
- ↑ «Fakta om stedsnavn (Søk:Gøystavatnet)». Kartverket. Henta 15. mai 2015.