HAFS regionråd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

HAFS regionråd er eit samarbeidsorgan for kommunane Askvoll, Fjaler, Gulen, Hyllestad og Solund sør i ytre Sogn og Fjordane. Det vart skipa i 1992 med formålet «å få klarlagt og ta i bruk dei naturlege ressursar og fordelar i området, og å vidareutvikla regionen næringsmessig, sosialt og kulturelt». Regionrådet består av ordførarar og rådmenn i medlemskommunane, der leiarvervet går på omgang mellom kommunane med ei funksjonstid på to år. Rådet kan gjere vedtak med fire av fem medlemskommunar representert.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]