Hopp til innhald

Haile Gebrselassie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haile Gebrselassie

StatsborgarskapEtiopia
Fødd18. april 1973 (53 år)
Assella
Yrkemaratonløpar, langdistanseløpar, friidrettsutøvar, løpar, idrettsutøvar
Språkamharisk
Høgd165 centimeter
Haile Gebrselassie på Commons

Haile Gebrselassie (fødd 18. april 1973) er ein etiopisk tidlegare langdistanseløpar. Han vart i tida 1993-99 firfaldig verdsmeister på 10 000 meter og vart olympisk meister på distansen både under Sommar-OL 1996 i Atlanta og Sommar-OL 2000 i Sydney. Haile forbetra verdsrekorden på både 5 000 m og 10 000 m ved fleire høve.

I 1993 vann Haile det fyrste av det som skulle verte fire strake VM-gull på 10 000 meter. Ni rundar før mål rykte kenyanaren Moses Tanui og fekk fylgje av Haile. Ei runde stod att då Haile ved eit uhell trakka på hælen til Tanui, så denne mista skoen. På siste langsida spurta Haile forbi og sikra seg gullmedaljen. I den same meisterskapen fekk han sølvmedaljen på 5 000 meter, fire tidels sekund bak Ismael Kirui frå Kenya. 4. juli 1994 sette Haile sin fyrste verdsrekord då han i Hengelo fekk tida 12.56,96 på 5 000 meter, nesten to sekund under Saïd Aouita sin gamle rekord.

Ganske nøyaktig eitt år seinare, også i Hengelo, senka Haile verdsrekorden på 10 000 meter med nesten ni sekund til 26.43,53. I august var han heilt suveren i innspurten på milløpet under VM i Helsinki. Konkurrentane Khalid Skah, Paul Tergat og Salah Hissou måtte sjå seg slått med bortimot to sekund på sisterunda. Ei endå større rekordforbetring enn i Hengelo, stod Haile for den 16. august i Zürich. På 5 000 m kryssa han mållinja på tida 12.44,39, elleve sekund under Moses Kiptanui sin to månader gamle verdsrekord.

Sommaren 1996 vann Haile gullmedaljen på 10 000 m ved dei olympiske leikane i Atlanta, framom Paul Tergat frå Kenya. Også i verdsmeisterskapen 1997 sigra Haile framfor Tergat på 10 000 m. Ei veke seinare i Zürich sprang han dei siste 200 meterane av 5 000-meteren på 26,8 sekund og slo sin eigen verdsrekord med tida 12.41,86, med Daniel Komen frå Kenya hakk i hæl. Men berre ni dagar etter dette løpet sprang Komen på 12.39,74 i Brussel.

I 1998 tok Haile tilbake verdsrekorden på så vel 5 000 som 10 000 meter. Og han vann alle sine løp i Golden League. Den 1. juni i Hengelo sette Haile verdsrekord på mila med 26.22,75, fem sekund fortare enn Paul Tergat sin verdsrekord frå sesongen føreåt. 13 dagar seinare sletta Haile verdsrekorden den halve distansen då han fekk notert livsbeste 12.39,36 i Helsinki. Året etter vart han verdsmeister på 10 000 meter for fjerde gong i rad, og han sigra i alle sine løp.

Også i 2000 vann Haile alle tevlingar han deltok i. Under Sommar-OL i Sydney vart han den tredje som forsvarte ein olympisk tittel på 10 000 meter, Emil Zátopek og Lasse Virén dei to andre. OL-triumfen kom etter ei drepande sisterunde der han slo Paul Tergat med fattige 0,09 sekund. Sigersmarginen var mindre enn i finalen på 100 meter for menn.

Ved VM i friidrett 2001 måtte Haile nøye seg med ein bronsemedalje på 10 000 m. I den neste verdsmeisterskapen, i Paris i 2003, kom han på sølvplass på 10000 m. Den nye verdseinaren på 10 000 meter, landsmannen Kenenisa Bekele, sette meisterskapsrekord og slo Haile med drygt eitt sekund. Under OL i Aten 2004 prøvde Haile å verte den fyrste til å vinne tre strake olympiske gullmedaljar på 10 000 meter. Småskada enda han på femteplassen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]
  • VM 1993 i Stuttgart: Gullmedalje på 10 000 m – 27.46,0, sølvmedalje på 5 000 m – 13.03,1
  • VM 1995 i Göteborg: Gullmedalje på 10 000 m – 27.12,9, framom Khalid Skah (27.14,5)
  • OL 1996 i Atlanta: Gullmedalje på 10 000 m – 27.07,3, framom Paul Tergat (27.08,1)
  • VM 1997 i Aten: Gullmedalje på 10 000 m – 27.24,5, framom Paul Tergat (27.25,6)
  • VM 1999 i Sevilla: Gullmedalje på 10 000 m – 27.57,2, framom Paul Tergat (27.28,5)
  • OL 2000 i Sydney: Gullmedalje på 10 000 m – 27.18,20, framom Paul Tergat (27.18,29)
  • VM 2001 i Edmonton: Bronsemedalje på 10 000 m – 27.54,4
  • VM 2003 i Paris: Sølvmedalje på 10 000 m – 26.50,7, bakom Kenenisa Bekele (26.49,5)
  • OL 2004 i Aten: Nr 5 på 10 000 m – 27.27,7
  • OL 2008 i Beijing: Nr 6 på 10 000 m – 27.06,6