Haka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For kroppsdelen, sjå hake.
Eit måleri av ein haka-dans, måla av Joseph Jenner Merrett i ca. 1845.

Haka er ein seremoniell dans i maorikulturen. Dansen vert framført av ei gruppe dansarar, og nyttast for å visa byrgskap, styrke og samhald.[1] Haka vert ofte sett på som ein krigsdans som skal gjera mannlege krigarar klåre til strid, men haka har vorte dansa av både kvinner og menn.[2]

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Rytmisk tramping med bein og tromming på kroppen, framspring av tunge og felles brøling kjenneteiknar haka-dans.[1]

Framvising[endre | endre wikiteksten]

Det finst ulike variantar av haka, som vert nytta i ulike samanhengar. Æresgjestar kan ynskjast velkomen med ein variant av haka.[3] Haka-dans kan elles verta framført ved viktige hendingar, sportslege eller festlege høve, eller dansast i samband med gravferder.[2][4]

Haka i rugby[endre | endre wikiteksten]

Det newzealandske herrelandslaget i rugby union – òg kjent som All Blacks – har gjort dansen internasjonalt kjend, då laget alltid dansar ein variant av haka føre kvar kamp. Mange av dei newzealandske rugbyspelarane er sjølv maoriar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «The Haka | 100% Pure New Zealand», www.newzealand.com (på engelsk), henta 17. juli 2023 
  2. 2,0 2,1 «haka | Definition, History, Meaning, & Facts» (på engelsk). Henta 3. september 2020. 
  3. «New Zealand's first royal visit 11 April 1869 | NZHistory, New Zealand history online». Henta 3. september 2020. 
  4. Hassan, Jennifer; Tamkin, Emily. «The power of the haka: New Zealanders pay traditional tribute to mosque attack victims». Washington Post (på engelsk). ISSN 0190-8286. «In particularly evocative haka tributes, students, bikers and other groups chanted in unison, channeling their grief, shock and sadness into a physical act that symbolized respect for the victims. Video footage of the tributes was widely shared on social media, where many hailed the haka’s power and beauty.» 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Haka
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.