Hal Sirowitz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hal Sirowitz
Fødd 1949
Yrke lyrikar

Hal Sirowitz (fødd 1949) er ein diktar frå New York i USA. Han har gjort seg kjend gjennom diktframføringar og diktsamlingar. Desse er omsette til fleire språk. I Noreg fekk dei stor suksess med Erlend Loe som gjendiktar.

Sirowitz budde lenge i Brooklyn i New York, der han var spesiallærar. Han flytta seinare til Philadelphia i Pennsylvania med kona Mary Minter Krotzer.

Hal Sirowitz blei først kjend som diktar då han deltok i slampoesi ved Nuyorican Poets Cafe. I 1993 deltok han i National Poetry Slam. Seinare framførte han dikta sine ulike stader i USA og på fjernsynsprogram som Spoken Word: UnpluggedMTV[1] og The United States of PoetryPBS.[2]

Diktsamlinga Mother Said, som på norsk heitte Sa mor, blei ein stor suksess. I tillegg til store salstal i Noreg blei diktsamlinga dramatisert og sett opp ved Centralteatret i Oslo i 1999.

I 1994 blei Sirowitz tildelt NEA Fellowship in Poetry. Frå 2000 til 2003 var han offisiell diktar (Poet Laureate) for Queens i New York.[3]

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • Girlie Pictures (1982)
  • Happy Baby (1995)
  • No More Birthdays (1993)
  • Mother Said (1996, norsk Sa mor, 1997)
  • My Therapist Said (1998, norsk Sa terapeuten min, 1999)
  • Before During & After (2003)
  • Father Said (2004)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. MTV's Unplugged series Episode Guide
  2. Hal Sirowitz ved IMDB.com
  3. Rapper wants to be poet laureate, BBC News, 9 April, 2004