Hamleband

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Keip med hamleband av vidje
Keip med hamleband av tog.

Eit hamleband eller hammel-band ligg rundt åra i keipen for å halde ho på plass og å lette roinga.

Hamlebandet går oftast gjennom eit hol som er bora inn og ned gjennom keipen i framkant av keipsnevet. Då vert det liggande på innsida av keipen.

Det vert kalla hamleband fordi åra vert pressa mot det når ein hamlar. Ved roing er det viktig at hamlebandet er passe langt. Det skal vere akkurat nok plass til å gjere ferdig åretaket.

Hamleband har tradisjonelt oftast vorte laga av vidje eller skinn. Sidan ei vidje er elastisk, kan ho gjere roren lettare og jamnare. I dag vert det oftas brukt tog til hamleband.

Vert hamleband brukt til ein tollepinne kan det gå gjennom ripa, eller gjennom eit auge på innsida av ripbordet. Knuten på hamlebandet bør vere på innsida av keipen.