Hamnavoe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hamnavoe hamn
Foto: Bob Embleton

Hamnavoe, (av norrønt: Hafnavagr, 'Hamnevåg'), er ein landsby på øya West BurraShetland i Skottland. Landsbyen ligg ved vågen Hamna Voe nordvest på øya. Vågen er skjerma frå Atlanterhavet av neset Fugla Ness. Staden har om lag 150 husstandar. Hamnavoe vart oppført som ein planlagd fiskarlandsby, samtidig med at det vart bygd bryggje for fiskebåtane. [1]. Tidlegare var det mange fiskefartøy som hadde Hamnavoe som heimehamn, men i dag er det ingen av dei større shetlandske fiskefartøya å sjå i Hamnavoe, no er det berre mindre båtar som driv skalldyrfiske att. Fiskeoppdrett har vorte ein viktig næringsveg i området.

Hamnavoe har butikk, postkontor, kyrkje, barneskule og samfunnshus. Det går buss mellom Hamnavoe og Scalloway to gonger om dagen.

Like ved Hamnavoe er det to ståande steinstøtter på 2,4 og 1,8 meter frå neolittisk tid, ca. 2000 f. Kr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Shetland.gov.uk: Burra and Trondra Community Council Area Statement

(Denne artikkelen byggjer på «Hamnavoe» henta frå Wikipedia på bokmål og «West Burra» henta frå Wikipedia på engelsk 22. mai 2007.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Nettstader[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 60°6′19.75″N 1°20′7.44″W