Hampden Park

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hampden Park i 2012

Hampden Park er eit fotballstadion i Glasgow i Skottland med plass til 52 500 tilskodarar. Stadion, som vart bygt i 1903 og sidan ombygt fleire gonger, tilhøyrer fotballklubben Queen's Park FC, det einaste amatørlaget i skotsk fotball. Heimekampane til Skottlands fotballandslag og finalane i dei skotske cupturneringane vert avvikla på Hampden Park. Tilskodarrekorden på 149 547 frå 1937 er største regstrerte tilskodartalet for ein fotballkamp i Europa. Skottland tok den gongen mot England til landskamp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]