Handball under Sommar-OL 1988/Karar
Handball under Sommar-OL 1988 for karar vart avvikla frå 20. september til 1. oktober 1988 i Suwon, bortsett frå finalen og bronsekampen som fann stad i Seoul. Tolv land deltok i turneringa: Algerie, Aust-Tyskland, Island, Japan, Jugoslavia, Sovjetunionen, Spania, Sverige, Sør-Korea, Tsjekkoslovakia, Ungarn og USA.
Laga var delt inn i to grupper med seks lag i kvar, der alle laga i gruppa spelte kamp mot einannan. Gruppevinnarane, Sovjetunionen og Sør-Korea, møttest til finale, medan gruppetoarane møttest til kamp om bronseplassen. Dei andre laga møttest til plasseringskampar, basert på plassering i gruppene.
Jugoslavia sigra 27–23 over Ungarn i bronsefinalen.
Finalen
[endre | endre wikiteksten]Sovjetunionen, som vann alle kampane i gruppespelet, tok tidleg kontroll over finalekampen mot vertslandet Sør-Korea. Etter 17–11 ved pause, auka det sovjetiske mannskapet til siger 32–25 i den andre omgangen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Handball at the 1988 Summer Olympics – Men's tournament» frå Wikipedia på engelsk, den 24. november 2022.