Hans Peter L'orange
Utsjånad
Hans Peter L'orange | |
Fødd | 8. september 1835 |
Død |
31. januar 1907 (71 år) |
Yrke | offiser |
Hans Peter L'orange (1835–1907) var ein norsk hærmann, fødd i Herøy på Sunnmøre.
Lorange vart premierløytnant i 1865. Etter han steig i gradane, underviste han i topografi og landmæling ved Krigsskolen i mange år. Han vart forfremja til oberst i 1891 og generalmajor i 1894, då han samstundes vart utnemnd til sjef for generalstaben. Frå 1897 til 1903 var han kommanderande general i Noreg, frå 1899 som generalløytnant. Saman med generalkrigskommissær Jens Bratlie var han leiande bak førearbeida for hærordninga av 1909.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957.
- Hans Peter L'orange i Store norske leksikon