Hanukkasongar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hanukkasongar er songar av varierande innhald og form som har til felles at dei særleg blir framførte til hanukká.

Songane handlar gjerne om korleis jødane vann over den hellensk-syriske overmakta, om lysunderet i Tempelet i Jerusalem eller om ymse element ved hanukkafeiringa. Blant askenasím dreier mange songar seg om eting av latkes og spel med dreidl.

Typiske hanukkasongar inkluderer «Davidssalme 30», «Hannerót hallálu», «Mi ze jemallél», «Ocho kandelikas» (moderne sefardisk), «Vajhí mikkéṣ» (sef.), «Ma‘óz ṣur» (ask.), «‘Al hannissím», «Oj chanike», «Mi jemallél», «O, ir kleine lichtelech» og «I have a little dreydel».