Happy Human

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Happy Human»

Happy Human (på norsk humanistsymbolet) er eit sekulært ikon og det offisielle symbolet til International Humanist and Ethical Union (IHEU), verdsorganisasjonen for livssynshumanismen. Det er òg teke i bruk av mange humanistiske organisasjonar og individ verda over, inkludert Human-Etisk Forbund i Noreg.

Symbolet vart valt på 1960-talet, etter ein konkurranse organisert av den britiske humanistorganisasjonen. Vinnardesignet er laga av Denis Barrington.[1] Opphavsretten til symbolet har British Humanist Association, men dei gjev fridom til bruk av symbolet til humanistiske organisasjonar verda rundt. Mange humanistorganisasjonar brukar dette symbolet, eventuelt i noko endra form.

Det var det dåverande Human-Etisk Ungdomsforbund som først tok i bruk symbolet i Noreg i sitt blad Humanus i 1966. Symbolet blei tatt i bruk av Human-Etisk Forbund seinare same år.

Nokre organisasjonar som brukar Happy Human[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Happy Human Symbol». BHA. https://humanism.org.uk/humanism/the-happy-human-symbol/. Henta 18. mai 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]