Harunobu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
To forelska under ein paraply i snø

Suzuki Harunobu (med japanske skriftteikn 鈴木春信) (ca 17251770) var ein japansk tresnittkunstnar.

Harunobu er ein av dei mest kjende utøvarane av den japanske kunstretninga ukiyo-e. I 1765 var han den fyrste som laga fullfargetrykk (nishiki-e), noko som gjorde dei tidlegare to- og trefargetrykka gamaldags. Harunobu brukte mange ulike teknikkar og nytta mange slags motiv, frå klassiske dikt til vakre kvinner. Til liks med mange samtidige japanske biletkunstnarar, laga også Harunobu fleire erotiske bilete, sakalla shunga.

Harunobu hadde ingen elevar, men arbeida hans vart kopiert av mange andre ukiyo-e-kunstnarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]